Første friidrettstemne på nystadion
Storfjordstevnet i friidrett vart arrangert i helga, og for første gong vart nyanlegget på Langereiten i Eidsdal nytta.
![32_lop](http://www.eidsdalil.no/wp-content/uploads/2014/11/32_lop-1024x682.jpg)
60-meter var ein av øvingane søndag og frå venstre spring Ingvar Rønneberg, Sigve Fuglem, Ruben Ytterdal Eide og Iver Hjelle Reiten.
Idrettsanlegget på Langereiten i Eidsdal er mykje nytta, men kanskje aller mest til fotball. Difor var det stor glede mellom eidsdalingane då det i helga vart arrangert Storfjordstevne på nybana i Eidsdal og ikkje i Stordal slik det har brukt å vere. Arrangementet er et samarbeid mellom idrettslaga i Liabygda, Valldal, Norddal og Eidsdal. Les meir