Langereiten

Første friidrettstemne på nystadion

Storfjordstevnet i friidrett vart arrangert i helga, og for første gong vart nyanlegget på Langereiten i Eidsdal nytta.

32_lop

60-meter var ein av øvingane søndag og frå venstre spring Ingvar Rønneberg, Sigve Fuglem, Ruben Ytterdal Eide og Iver Hjelle Reiten.

Idrettsanlegget på Langereiten i Eidsdal er mykje nytta, men kanskje aller mest til fotball. Difor var det stor glede mellom eidsdalingane då det i helga vart arrangert Storfjordstevne på nybana i Eidsdal og ikkje i Stordal slik det har brukt å vere. Arrangementet er et samarbeid mellom idrettslaga i Liabygda, Valldal, Norddal og Eidsdal.
Merete Løvoll Rønneberg frå Eidsdal idrottslag ønskte velkomen og forklarte om kven som starta på kva for øving og korleis det heile skulle gå føre seg.
Mange var det som hadde meldt seg på også, 52 deltakarar stilte til dyst i dei fire øvingane løp, lengde, liten ball og 60-meter. Innsatsen var god, og til og med var det to seniorar mellom deltakarane også. Kenneth Hovden syntest det godt kunne ha vore fleire på stevne, og meinte ein med eit så fint anlegg som i Eidsdal kan hende bør arbeide meir med å få opp interessa for friidrett. Dei som var til stades på Langereiten søndag såg iallfall ut til å trivest, både med vêr og øvingar.
Sjå resultatlistei