FJELLTRIMMEN 2015 EIDSDAL IDROTTSLAG
I SAMARBEID MED NORDDAL IDRETTSLAG
Alle fjelltrimpostane skal ligge ute frå 16. juni til 28. september. Ein del postar blir lagt ut tidlegare, når forholda tillet det, frå 1.mai og utover.
Ein kan sanke poeng på både på EIL og NIL sine postar. Begge laga premierer eigne medlemmer.
Både EIL og NIL går no tilbake til gamalt system med å telje opp fjelltrimpoenga til sine eigne medlemar. Ein må vere medlem i ein av klubbane for å bli premiert. Det vil bli trekt gåvepremiar mellom deltakarar som har oppnådd meir enn 50 poeng. Graderte premiar etter deltaking.
Då er det berre å føre namnet inn i boka på posten, og skrive antal turar ein har gått, så vil vi i trim/fri rekne ut kor mange poeng du har fått. (luksus!)
Frå sesongen 2013, vil NIL i tillegg innføre konseptet Fjelldronning/Fjellkonge Norddal. Ved å gå på sju fastsette toppturar i Norddal kan du oppnå tittelen Fjelldronning eller Fjellkonge. Du må då ta bilete av deg sjølv på toppen og sende det til epost: keldalhus@hotmail.com. Du kan sjølvsagt bruke meir enn ein sesong på å oppnå tittelen. Dette kan vere ditt neste langsiktige mål. Turane som er med vil bli opplyst på plakat og facebookside for NIL.
EIL vidarefører førebels opplegget med vandrepokal til beste dame og mann i fjelltrimmen.
Eidsdal IL
Einskildpersonar og familiar kan konkurrere om å samle flest mogleg poeng i desse klassene:
* Jenter t.o.m. 15 år * Gutar t.o.m. 15 år
* Damer f.o.m. 16 år * Menn f.o.m. 16 år
NYTT: * Familieklasse: Minst 1 forelder og 1 barn må gå saman for å få poeng i klassa. Ein får kun ”betalt” med dei antal poeng som er på posten, uansett kor mange ein er i familien. Dette for at både små og store familiar skal kunne konkurrere under like vilkår.
Born som sit i beremeis kan ikkje konkurrere om sigeren/premiar i barneklassene.
Dei tel elles med i familieklassa på lik linje med alle andre.
Vandrepokalar til den dama og mannen som samlar flest poeng. (EIL)
Maks eitt besøk pr. post pr. dag
MÅL | POST | POENG |
---|---|---|
Veibergssetra | på sel | 5 poeng |
Storhjellsetra | på steinmur | 5 poeng |
Kleivahammaren | på bjørk | 5 poeng |
Laupen (høgste punkt i Hauane) | flymerk | 5 poeng |
Oalsvatnet | varde | 15 poeng |
Ospahjellen (hjellen) | I steinmur på hus | 10 poeng |
Grandevatnet | varde | 10 poeng |
Hesjedalshaugen | varde | 10 poeng |
Hausetsetra | sel | 5 poeng |
Eidsheia | stolpe | 10 poeng |
Svartevatnet | varde | 10 poeng |
Framgardssetra | steinmur | 5 poeng |
Smogereset | stein | 10 poeng |
Smogedalen | stolpe | 15 poeng |
Verpesdalen | steinmur | 10 poeng |
Flåna | stolpe | 10 poeng |
Blåhornet | på husvegg | 10 poeng |
Kilstiheia | rås v/nedst.Verpesd.setra | 10 poeng |
Kilstisetra | sel | 5 poeng |
Brisesletta | tre | 5 poeng |
Rongane (skogsveg o. Kristian) | stolpe | 5 poeng |
Grytesteinen(Rongane) | Stolpe | 5 poeng |
Skusetsetra | Steinmur | 5 poeng |
MÅL | POST | POENG |
---|---|---|
Kvilet | gamlevegen (mot Hatlestad) | 5 poeng |
Lilleåsskagen | tre | 5 poeng |
Storåsnakken | skitau/trommel | 5 poeng |
Hallstadsetra | sel | 5 poeng |
Kvithaugen | gjerdestolpe | 10 poeng |
Middagshesten | varde | 20 poeng |
Brune | v/taubanefeste | 5 poeng |
Innsetsetra | fjøs | 5 poeng |
Daurmålsfjellet | hammaren | 15 poeng |
Kvilebjørka/Fannabrotet | bjørk | 5 poeng |
Storvatnet | naust | 20 poeng |
Nedste Vassdalsvatnet | stein | 20 poeng |
Kallskardssetra | sel | 10 poeng |
Kallskardet | hytte | 15 poeng |
Kallsethaugen | tre | 10 poeng |
Nøre-Herdalen | os/tre v/nedste vatnet | 15 poeng |
Kjellsura v/”Poststeinen” | tre/stein | 5 poeng |